Ny blogg
Etter to år på blogg.no, vil eg prøve noko nytt. Bloggen her skal ikkje slettast, og eg kjem attende om eg ikkje trives på Wordpress. Klikk her for å kome til den nye bloggen min.
Etter to år på blogg.no, vil eg prøve noko nytt. Bloggen her skal ikkje slettast, og eg kjem attende om eg ikkje trives på Wordpress. Klikk her for å kome til den nye bloggen min.
Eg tenkte eg kunne vere keisam og mainstream, og gjere som alle andre bloggers (så kult å skrive det på engelsk), og lage ei sånn 2011-liste.
Meg:
- Eg blei 19 år. Ein alder som er like keisam og unyttig som 17.
- Eg dro ut på byen for første gong
- Eg var russ.
- Eg fullførte VGS
- Eg flytta frå Tromsø
- Eg kom inn på førstevalet mitt, lærar-/lektorutdanninga på NTNU, med hovedfag i tysk.
- Eg flytta dermed til Trondheim
- Eg forelska meg i trønderkompisen min og vi blei eit par.

I 2011 vitja eg:
- Malta
- Sicilia
- England
- Sverige

Russetida:
- Eg var raudruss på Tromsdalen vgs
- Russenamnet mitt var Dobby
- Var ikkje med på ein einaste vannkrig
- Beste russeknute: Då eg teikna bart og introduserte meg som Pedro ein heil kveld ute på byen.
- Nest beste russeknute: Då eg kyssa ein politimann. Skunmelt!
- Beste fest som russ: Natt til 17. mai, for eg var på så koseleg nachspiel.

Beste minner:
- Hestevognturen på Malta på bursdagen min
- Middagen på Oxo Tower i London
- Å sjå Keira Knightley i eit teaterstykke
- Første turen min ute på byen
- Russetida
- Då eg fekk 6 på munnleg eksamen på vgs.
- Då eg kom inn på NTNU
- Fadderuka 2011
- Den dagen eg innsåg at eg kunne bake kake
- Den dagen typen min innsåg at eg kunne bake kake
- Juleaften

Beste nye blogger:
- Siri Vil
- Elsa Billgren
- It's Really Open
Beste nye nettsted:
Beste nye bok:
- "Øya under Havet" av Isabel Allende
- "Sonnets" av William Shakespeare
- "Talisman" av Yoko Tawada
Beste gode, gamle bok:
- "Jane Eyre" av Charlotte Brontë
- "Pride and Prejudice" av Jane Austen
- "Northanger Abbey" av Jane Austen
- "Harry Potter and the Halfblood Prince" av J. K Rowling
Beste kjøp:
- Svarte kjolen frå New Look
- Jane Austen: Complete Novels
- Globusen min
- Pierre Robert sine ullstrømpebukser
- Dei beige skoa mine
- Dei svarte skoa mine
- Sjampobaren frå Lush

Beste fag på VG3:
- International English: literature and culture
Beste fag på universitetet:
- Tysk grammatikk 1
Eg har hatt eit veldig fint 2011, enn du?
GODT NYTT ÅR! :)
Eg er forkjølt. Eg er tett i nasen og øyrene. Eg har surra rundt i ein nasesprayrus utan like i tre dagar no, og ser endeleg eit svakt, lite lys i enda av tunnelen.
Koss er di romjul då?
Her er det eg fekk i julegåve i 2011:

Eit "mindgame" som eg ikkje eingong orka å prøve meg på, hehe. Lot nokon som er smart ta seg av det
Juleenglepynt
Masse godterier, bl.a. lion mints, som er det beste eg veit. 
Eit veldig søtt duftlys og ein nisse med rosa skjegg (intern spøk)
Badeting, lipgloss og håndkrem
Markørtusjar og penner - nyttige ting for ein student.
Rolling Stones-kopp, veldig tøff!
Juleduk og "gryteklutar"... hihi, husmorfeeling. 
Fæncie vesker.
Pledd.
Harry Potter-samleboksen på BluRay. Hihi, hurra!
Film som eg alltid har hatt lyst til å sjå.
Sokkar og heimestrikka lestar. 
Julekort.
Meget kul globus.
Veldig fin veske. 
Daim.
Eg er nøgd med gåvene, er du?
Eg veit ikkje kor mykje eg kjem til å blogge i jula, sidan eg vil vere saman med familien og venene mine, som eg ikkje har sett sidan august! Difor seier eg berre likesågodt god jul no, så er det sagt liksom. Imorgon skal eg kjøpe dei siste juøegåvene, og på tirsdag så reiser eg heim til det kalde Nord. Håpar de får fine julefeiringer med masse god mat og Nidar-julemarsipan.

No skal eg lage gløgg og lese Knoll og Tott-juleheftet 2011 heilt åleine i leiligheita.
Eg merker veldig at eksamensperioden nærmar seg slutten for dette semesteret. Eg har siste eksamen på laurdag, og konsentrasjonsnivået er heilt klart ikkje like høgt som det var før den første eksamenen eg hadde for ei veke sidan. Eg sit for det fyrste heime og ikkje på lesesalen. Og dermed er det veldig lett at eg høyrer på julemusikk, og syng med til nemnte julemusikk og gløymer av å lese pensum. Så finn eg ut at eg må pakke inn gåver, at eg må vaske klede, at eg må tørke støv, etc. Dessutan søv eg lengre. Eg må jo ikkje stå opp tidleg for å få ein god plass på lesesalen. Også er eksamen berre greid/ ikkje greid, og ein må minst ha ein E for å stå. Det gjer ikkje akkurat underverk for motivasjonen, skal eg seie deg.
Så ja. Utbrent student som allerhelst i heile verda vil heim søker motivasjon. Har du noko eg kan få kjøpt billig?
Idag har eg stort sett kosa meg med tyske substantiv, verb og adjektiv, og tysk syntaks (setningsanalyse). Eksamen er på torsdag, så her gjeld det å henge med, og å vere flittig student. Og eg tullar ikkje. Eg er flittig student. Eg har berre tre blanke ark igjen i kladdeboka mi, og berre to gamle eksamenar igjen å fylle ut. Eg har blidd ganske så stødig i tyske verb og deklinasjonsklassar, og steikepanneregelen sit som støpt. Trur denne eksamensgreia skal gå bra, eg.

Eg og ein medtysklektorstudent (langt ord samansatt av fleire ord i ekte tysk ånd) kom i ein aldri så liten diskusjon over denne regelen. Eg hadde lært at han heitte "øseregelen" av tysklæraren min, medan ho hadde lært at han heitte "kasserolleregelen". Vi syntest jo sjølvklart at vårt eige navn på regelen var det beste, men vi fann eit ganske greit kompromiss. Eg påpeikte at ein kasserolle gjerne er djupare, og ho påpeikte at ingen øser er så lange. Så fann vi ut at det minna aller mest om ei steikepanne, så då heiter han no steikepanneregelen. Når eg skal lære bort adjektivsbøying til mine tyskelevar, kjem dei til å lære steikepanneregelen. Dermed basta.
Ja, då er adventa her. Sundag i forrige veke tente eg det fyrste lyset i adventsstaken, og igår såg eg fyrste avsnitt av "Blåfjell" og "Nisser over skog og hei". Det er så herlig at det endeleg er advent. Tenk, det er berre tjueto dagar til julaften. Visstnok har eg fire eksamenar før den tid, men det tenker vi ikkje på no, sant?
Og i år har eg faktisk fådd heimelagd adventskalender. Med heimelagd julegodteri oppi. Han gjekk visstnok tom for innpakkingspapir etter ei stund, derav Rema-posen og vanleg skrivepapir som innpakkingspapir. Men det bryr ikkje eg meg om. Eg har fådd adventskalender, for fyrste gong på mange, mange år.

Og eg lot meg berre rive med litte granne når det gjaldt å dekorere biletet med julepynt.
Tirsdag klarte eg å oversvømme badet, gangen og kjøkkenet. Pluss at det lak ned til naboane. Dette på ei morgo kor eg hadde forsove meg, og hadde framlegg på skulen.
Igår satt eg nesten 12 timar på skulen og arbeidde med eksamensoppgåva i pedagogikk. Og plutseleg var oppgåva borte. Så viste det seg at yndlingskjolen var blitt øydelagt i vask, så eg måtte ta ein anna. Ein med litt for mykje utrigning til eit julebord som inkluderte forelesarar, så i full fart fann eg ein genser å ha over...
... som eg etter å ha løpt til busshaldeplassen og sett bussen eg skulle ta køyre avgårde utan meg, oppdaga at lukta litt rart (hadde kanskje noko med å gjere at eg fann han blant skittentøyet).
Deretter fann eg ut at penskoa mine var øydelagte, dei óg.
Men eg hadde det veldig triveleg på julebord.